Påmelding til dåp
Orientering om skjema
For å fylle ut skjemaet trengs personnummer til barnet på 11 siffer. I tilfelle dette nummeret ikkje er kjent enda, kan fødselsnummer til ein føresett brukast. De vil motta ei kode på SMS for å gå vidare i prosessen med utfylling av skjemaet.
Vel kyrkje og dato for dåpen der det er ledig plass. I første omgang er det nok å fylle ut namnet til barnet og kontaktinformasjon til dykk som føresette. Har de ikkje bestemt namnet til barnet kan de likevel sende påmeldinga.
Etter at dato for dåpen er stadfesta kan de seinare gå til "Jeg vil åpne en registrering", og oppdatere innhaldet med til dømes fadrar. Bruk same person- og telefonnummer som ved fyrste innlogging sjølv om de har oppdatert fødselsnummer til barnet.
Hovudregelen når det gjeld fadrar er at fadrane skal vere medlem i Den norske kyrkja eller eit anna kyrkjesamfunn som aksepterar barnedåpen, som frikyrkja eller Den katolske kyrkja. Dersom de ønskjer nokon til fadder som høyrer til ein annan stad, eller ikkje er medlem, er det opp til presten å avgjere om vedkomande framleis kan vere fadder. Minst to fadrar må vere tilstade under dåpshandlinga.
Data vi samlar inn i samband med påmelding til dåp vil berre bli nytta for oppfølging av dåpen. Dette gjeld i hovudsak tilbod innan trusopplæringsom alle døypte barn opp til 18 år får frå kyrkjelyden sin. Ynskjer de ikkje dette må de ta kontakt med kyrkjelyden.
Passar ingen av datoane du får opp i søket, så ta kontakt med Ulstein Kyrkjekontor - post.ulstein@kyrkja.no - 70017681